Eg heiter Anne-Sofie, er 22 år gamal og frå beste plassen på jord. No har det seg slik at eg har ei hjerneskade, som gjer at eg har behov for hjelp i kvardagen for å kunne leve eit liv i fridom.

Eg har no behov for ein assistent i  35 prosent fast stilling, samt ei tilkalling.

Er du den rette assistenten for meg?

Ditt arbeid blir å hjelpe meg i heimen og følgje meg dit eg skal, anten det er til arbeid eller på aktivitetar. Du legg tilrette for at eg meistrer daglegdagse oppgåver og hjelper meg å passe tida.

Eg ønskjer at du er serviceinnstilt, motiverande, strukturert og ser gleden i å hjelpe andre.

Har du slike eigenskapar, er det fint om du likar:

· Å ta initiativ til turar og aktivitetar

· Reinhald

· Matlaging

· Å følgje til sosiale aktivitetar

· Å være med når eg skal trene

 

Du blir på sett og vis en vegleiar for meg, sidan eg meistrar mange oppgåver til eit visst punkt.

Arbeidstida vert i hovudsak kvardagar på morgonen frå 0730-1400, samt seinare på dag frå 1400-2100. Dette er omtrentlege tider.

Sidan ein del av arbeidet inneber kjøyring, må du ha førarkort klasse B, samt moglegheit til å disponere eigen bil. Du treng og plettfri politiattest for å jobbe hos meg.

Høyrast dette interessant ut, synes eg du skal søkje stillinga. Du er spesielt aktuell om du er dame, og snakkar og forstår norsk.

Ønsket kompetanse

  • Førerkort klasse B
  • Språk: Norsk muntleg